Malin Alander - Tvinnar på evighetens tråd (2026) Hi-Res

  • 18 Apr, 13:53
  • change text size:

Artist:
Title: Tvinnar på evighetens tråd
Year Of Release: 2026
Label: Talik Records  
Genre: Folk, Alternative Folk
Quality: Mp3 320 kbps / FLAC (tracks) / 24bit-96 kHz FLAC (tracks)
Total Time: 37:30
Total Size: 87 / 237 / 773 MB
WebSite:

Tracklist:

1. Malin Alander - Evighetens tråd
2. Malin Alander - Sola, skuggen
3. Malin Alander - Minne meg
4. Malin Alander - Motstand
5. Malin Alander - Lengsel
6. Malin Alander - La meg vandre
7. Malin Alander - Sjå mitt andlet
8. Malin Alander - Mønsteret

Folkesongar og låtskrivar Malin Alander (Hekate, Aurom) kjem med nytt album våren 2026, “Tvinnar på evighetens tråd” på plateselskapet Ta:lik.
Prosjektet spring ut i frå eit behov for å lage sjangerlaus musikk der folkesong, pop og improvisasjon er tydelige element. Musikken er organisk og impulsiv samtidig som fengande melodiar er rådande. Nokre av låtane har fast form, men mange av dei kan bryte opp i flytande strekk eller har uforutsigbare former. Eit eksempel er singelen “Minne meg” der verset er fritt og formbart i augeblikket, men refrenget er fast. Eit anna eksempel er “Mønsteret” der kompet er eit ostinat og resten formar seg rundt det.
Låtane er arrangert av Alander og av bandet som består av Kalle Moberg på trekkspel, Ester Thunander på feler og Øystein Aarnes Vik på trommer. Plata er produsert av Alander, bandet og lydtekniker Aleksander Sjølie. I livesamanheng vil låtane flettast saman med vokalimprovisasjonar basert på ord, fraser og stiltrekk frå folkesongar, slik som “Sola, skuggen” på plata. Alander brukar Råskap, breidde og frihet i stemma, og låtane er fryktlause og tydelige med tema som motstand, mønster og hengivelse som tema.